Fryktar meir kriminalitet i arbeidslivet

Fryktar meir kriminalitet i arbeidslivet

Publisert av Webredaktør NØF den 19.09.21.


Skatteetaten fryktar auka arbeidslivskriminalitet når landet opnar opp igjen. Digitalt kompetente multikriminelle kan gi meir svindel, svart arbeid og menneskehandel. «Skatteetaten vil svært sannsynleg stå overfor ein auka trussel innan arbeidslivskriminalitet ved ei normalisering av samfunnet.»

Det er klar tale i trusselvurderinga skattedirektør Nina Schanke Funnemark står bak. Ho utdjupar overfor NRK:

– Kombinasjonen av ein pressa økonomi og høg arbeidsløyse i svært mange land, og eit behov for arbeidskraft i Noreg, kan leggje til rette for større grad av arbeidslivskriminalitet.

Bygg- og anleggsbransjen har vore under lupa i fleire år, og skattekrimsjef Erik Nilsen er opptatt av å følgja denne næringa når Noreg opnar opp igjen.

– Vi må heila tida spørja: «Kven er der ute no og har store oppdrag i bygg- og anleggsbransjen?»

Her ligg det mykje informasjon som vi hentar inn ved å vera ute på byggjeplassane, seier han.

Last ned og les trusselvurderinga her (lenke)

FOTO: ANDREAS A. VATNØY/SKATTEETATEN